No livnar det i lundar
Oppdatert:

Forsiden : Atles Sangbok : Kuffen-sanger

Tekst: Elias Blix (1836-1902)
Melodi: Ludvig M. Lindeman (1812-1887)


F

C

Hb

G7

Gm

Csus4

C7

F/A

Gm7

No [F] livnar det i [C] lun[F]dar,
[Hb]
no [F] lauvast [G7] det i [C] li,
[F] den [Hb] heile [Gm] skapning [Csus4] stun[C7]dar
[Hb] no [F/A] fram til [Gm7] su[C7]mars [F] tid.

Det er vel fagre stunder
når våren kjem her nord
og atter som eit under
nytt liv av daude gror.

Guds kyrkje lysa skulle
som høgt på berg ein stad,
med sumar utan kulde
og utan solarglad.

Guds ord vel alltid lyser,
den sol gjeng aldri ned.
Det hus som Anden hyser,
ligg støtt i ljos og fred.

Men stundom kom det kulde
på Herrens kyrkjemark.
Det var som Gud seg dulde,
og borte var Guds ark.

Det var dei mørke dagar
Guds ord var fåhøyrd segn.
Og hjarta frys og klagar,
det saknar sol og regn.

Så sende Gud sin Ande
som dogg på turre jord.
Då vakna liv i lande,
då grøddest vent Guds ord.

Då er det sæle tider
for Kristi kyrkjegrunn.
Då lauvast det i lier,
då livnar det i lund.

Da ljosner det i landet
fra fjell og ned til fjord.
Då losnar tungebandet,
då kved Guds folk i kor.

Då skin det over strender
som sol ein sumarkveld.
Då gløder kring i grender
ein eilag altareld.

Du vår med ljose dagar,
med lengting, liv og song,
du spår at Gud oss lagar
ein betre vår ein gong.

Då me med vigsla tunge,
med kjærleik heil og klår,
alt utan best og sprunge
skal lova Herren vår!